Torsdag 20. Juni kl. 07:59

INVITASJON: Skånevikstranda Rundt 5. august

Løypetraséen er lagt om i år. Start er no flytta attende til starten dei første åra rittet vart arrangert. 
Start er lagt til gamle Åkrafjordvegen like nedanfor bensinstasjonen på Tjelmeland ved kryss ned til Kyrping.

Løypa følgjer så E134 ned til Håfoss. Der tek ein til høgre på Fylkesveg mot Stødle. Etter å ha sykla ned Stødlebakken, tek ein til høgre mot Skånevik. Mål er på Hålandsheia omlag 11 km etter Skånevik.

Det er to bakkar opp til mål. Første bakke er omlag 2,5 km med 7-8 % stiging. Deretter omlag 1 km flatt før siste bakke på 1 km med 8 % stiging.

Profil:

 





Les mer herhttp://www.klypetussen.no/sykkel/Innbydingar/Innbydingar%2012/Innbyding_Skånevikstranda%20Rundt-12.pdf